I dag har vi hatt om sakprosa. Dette var også eit emne i norsk 1. I norsk 1 gikk vi i hovudsak i gjennom kva sakprosa er, og skilnaden mellom litterær og funksjonell sakprosa. Det som var nytt for meg, og som eg ønskjer å fokusere på i dette fagblogginnlegget, er kva for slags posisjon sakprosa har i skulen per i dag. Før eg tar for meg stillinga til sakprosaen i skulen, vil eg seie kort kva sakprosa er.
Det finst ulike definisjonar på sakprosa. Tidlegare la ein vekt på at sakprosa er saklig, nøktern og inneheld liten grad av poesi og litterære virkemidel (Sejerstad 2010). Det er denne måten eg har oppfatta sakprosa som, noko eg mest sannsynleg har tatt med meg frå grunnskulen og vidaregåande skule. Etter forelesing om sakprosa, i både norsk1 og norsk2, vet eg at det ikkje er like stor skilnad mellom skjønnlitteratur og sakprosa som ein tidlegare antok. Nyare forsking viser at det finst innspel og trekk frå skjønnlitteratur i sakprosa tekstar. Eit døme på dette er kåseriet. Kåseriet tar utgangspunkt i eit fenomen frå røyndomen, og har ei argumenterande oppbygging. I tillegg tar han i bruk litterære virkemiddel som ironi, humor og eigne røynsler. Med bakgrunn i at det ikkje alltid er like lett å setje ein klar skilnad mellom skjønnlitteratur og sakprosa, blir omgrepet modalisert. Sakprosa blir per i dag sett på som "[...]en skrivemåte som i ulik grad tas i bruk innanfor ulike teksttyper" (Sejerstad 2010:29). Det eg vil ta med meg vidare i forhold til dette, er at det er forståeleg at elevar som skal skrive ein sakprosa tekst, kan ha sjangerbrot, og at eg som lærar bør vere open for sjangerbrot i elevane sine tekstar.
Kva for ei stilling har sakprosaen i skulen?
Skjønnlitteratur var den dominerande litteraturen i tidligare læreplanar. Gradvis har skjønnlitteraturen fått ei større rolle, og med LK06 har skjønnlitteratur og sakprosa blitt jamstilt. Jamstellinga mellom skjønnlitteratur og sakprosa kjem eksplisitt til uttrykk i kompetansemåla. I tillegg har det kommi ein sakprosakanon, utarbeidet av LNU. Denne finn du her Sakprosakanoen tek utgangspunkt i at det skal vere tekstar som både skal formidle den norske kulturarven og vere førebilete for sakprosaen. Ein fordel med å ha ein sakprosakanon er at lærarane kan hente tips til kva for nokon tekstar som går under sakprosa sjangeren. Likevel kan det hende at læraren følgjer lista slavisk. Dette meiner eg er uheldig, for tekstgrunnlaget bør ta utgangspunkt i klassesamansetninga, elevtypane og dykkar kulturelle bakgrunn.
Eg synast det er bra at sakprosa har fått ein større plass i skulen. Mange synast det er vanskeleg å skrive sakprosa, derfor bør ein ha fokus på denne sjangeren. Det er viktig å lese mykje sakprosa for å bli betre til å skrive denne sjangeren (Bakken 2010). For å gi elevane motivasjon til å ta fatt på sakprosa, meiner eg at læraren bør gjere sakprosaen mindre farleg. Som nemnt, innehar sakprosakanoen tekstar som er skrivi i samtida til elevane. Å bruke tekstar som er skrivi i samtida, meiner eg er ein fordel. Eg hugsar sjølv, kor tungt eg synast det var å lese både Knut Hamsun og Henrik Wergeland sine tekstar. Tekstane eg las av Wergeland og Hamsun var nok skjønnlitterære, men poenget er at historiske tekstar ikkje alltid fenger elevane.
I tillegg til å la elevane lese moderne sakprosa tekstar, er det lurt å gi dei morosame oppgåver knytet til sjangeren. I timen i dag fikk eg prøve meg på nokon oppgåver saman med to medelevar. Den eine oppgåve gjekk på å finne ut kva for ein sjanger eit utdelt avisinnlegg var, og sjå på retoriske virkemidla som hadde blitt brukt for å fremme saken. Den andre oppgåva var å lage eit avisinnlegg ut i frå eit tekstutdrag frå Kurt blir grusom. Vi fikk prøve å overføre ein tekst frå skjønnlitteratur til sakprosa. Det var lærarrikt å oppdage ulike skrivemåtar og oppbygging som ble brukt i dei to ulike sjangrane. Desse to måtane å jobbe med sakprosa på, vil eg ta meg med vidare i skulen. I tillegg vil eg gjere elevane bevisste på at sakprosa er ein viktig del av kvardagen til elevane. Spesielt, er dette viktig for elevar som ikkje ønskjer å gå allmenne studieretning på vidaregåande skule, og dermed ikkje ser hensikta med å lære seg å skrive gode saklige tekstar. For desse elevane vil eg anta motivasjonen for å lære om sakprosa, ligg i nytten sakprosa har i det daglege liv. For elevar som ønskjer å gjere akademisk karriere, er det viktig å forberede desse på korleis ein skriv og les ein god og saklig tekst. Akademisk skriving er sentralt på høgare utdanning, og det er viktig at lærarane allereie på grunnskulen viser elevane korleis dei skal skrive (og lese) ein presis, saklig og velformulert tekst. I alle fall har eg, fått nytte av sakprosa skriving på grunnskulen i høgare utdanning.
Litteratur:
Bakken, Jonas (2010): “Hvordan velge tekster til en sakprosakanon.” Kalleberg, Kirsten og Astrid Elisabeth Kleiveland (red): Sakprosa i skolen (2010) s. 19-25 Bergen: Fagbokforlaget
Sejerstad, Jørgen Magnus (2010): “Sakprosa og sjangerblanding – fra Holberg til Wergeland- søsknene.” Kalleberg, Kirsten og Astrid Elisabeth Kleiveland (red): Sakprosa i skolen (2010) s. 27-44 Bergen: Fagbokforlaget








